Heddal stavkirke - Heddal stavkyrkje Heddal Stave Church Stabkirche in Heddal
Heddal stavkirke - Heddal stavkyrkje
Heddal stavkirke - Heddal stavkyrkje

Heddalsvegen 412
N-3676 Notodden
Tlf: +47 92204435
Epost: post@heddalstavkyrkje.no

 

Korfor Kafe Olea - kven var Olea ?

Statue av Olea Crøger
Olea Crøger var prestedottera som treivst best blandt song- og forteljarinformantar. Heddal og nabobygdene hadde rike forteljartradisjonar, det same med forming av hus og handverk. Med denne bakgrunnen var ho godt skikka til det samlararbeidet ho gjorde, hennar livsverk.

Olea Styhr Crøger var født på prestegarden i Heddal 17. juli 1801. Der vaks ho opp i ein stor syskenflokk med tilsaman 14 born, sjølv var ho nummer 6. Foreldra var presten Johannes Crøger og hustru Helle Margrethe Neumann. Olea er framfor alt kjent for sitt store innsamlingsarbeid av songar, folkeviser og ikkje minst religiøse folketonar frå Heddal og nabobygdene.

Faren, Johannes Crøger var ein markert person, og mange er historiene etter denne mannen. Prestane i dei dagar var ofte lik småkongar, og Crøger var ingen smålåten mann, han visste kven han var og bygdefolket visste det same. Han var prest i Heddal frå 1794 til 1825 da han flutte til Røyken i Buskerud og døydde der i 1830.

Det er skrive at av faren lærte Olea å bli glad i den gamle bondekulturen, men ein må tenkje seg at ho hadde mange rundt seg i oppveksten som påverka henne. Det blir sagt at i hushaldet til presten Crøger var det opp til 90 personar i kosten. Kven ho lærte musikken av er ikkje godt å seie, men vi veit kven ho fekk visene frå, det har ho sjølv fortalt i teksten ho kreiv ned. Vi veit at mora var svært musikalsk og lærte henne å spele både gitar og langeleik, dessutan piano som var vanleg blandt dei kondisjonerte på den tida. Det tyder på at opplysningar om at ho hadde lett for å kome i prat med sambygningane sine, er rett. Ho lytta og skreiv ned kjente viser som Margit Hjukse, Dalebu Johnson, Jutulen og Stolt Øli.

Olea utdanna seg til lærar og underviste ved seminaret i Kviteseid i Kosaskulen frå 1832 til 1855. Ho var ei yrkeskvinne, ville vi sagt i dag. Olea vart sjuk og døydde brått på sjukehus i Kristiania i 1855 berre 54 år gammal.

Ho hadde ikkje familie, men ho flytte saman med systrene sine, Boline og Kaia, til Hegnine i Seljord, der dei dreiv gardsbruk med alt fysisk arbeid det innebar den gongen.