Heddalsvegen 412
N-3676 Notodden
Tlf: +47 35013990 / 92204435
Faks: + 47 35 02 00 73
Epost: post@heddalstavkirke.no
N-3676 Notodden
Tlf: +47 35013990 / 92204435
Faks: + 47 35 02 00 73
Epost: post@heddalstavkirke.no
Kunstnarar på Kulturstigen
Altartavla i Låvekyrkja
Skulptur av folkeminnesamlaren Olea Crøger.
Kunstnar-portrett i Svintråberget.
Obelisken på Sjåberg
Tar ein seg tid kan ein oppleva fleire kunstnarar langs kulturstigen, som går frå Prestegardslåven til Bygdetunet og vidare opp til utsiktspunktet.
I Låvekyrkja er det ei flott altartavle laga av kunstnarenTor Lindrupsen. Altartavla er i eit nytt formspråk, men inspirert av lokale materialar og interiørmålinga i stavkyrkja.
Under lindetreet ved prestegarden står skulpturen av folkeminnesamlaren Olea Crøger, laga av Tore Bjørn Skjølsvik.
Ved inngangen til Bygdetunet er det sett inn tre minnetavler i bergveggen. Portrettet av bunadskaparen Anne Bamle er laga av Kari Buen, Portrettet av forfattaren Ingebjørg Mælandsmo er laga av Ingrid Lene Langedok, og lyrikaren Olav Kastet er portrettert av Hilde Mehlum.
På bygdetunet kan ein oppleva rosemålingskunsten til den legendariske Olav Hansson, og ein kan sjå utstilling av draktsaumen til Anne Bamle.
Oppe på utsiktsplassen Sjåberg står granittobelisken av Knut Hølje Odden, reist her i 2008. På benkane her kan ein på mobiltelefon eller iPod lytte til segna om korleis stavkyrkja vart bygd, fortald på heddalsdialekt av Olav Sem.









