Heddalsvegen 412
N-3676 Notodden
Tlf: +47 35013990 / 92204435
Faks: + 47 35 02 00 73
Epost: post@heddalstavkirke.no
N-3676 Notodden
Tlf: +47 35013990 / 92204435
Faks: + 47 35 02 00 73
Epost: post@heddalstavkirke.no
Kor gammal er stavkyrkja?
I 2003 foretok NIKU ved Ola Storsletten årringsprøver av trekonstruksjonen, såkalla dendroprøver frå både koret og skipet i Heddal stavkyrkje. Han fann at den nordøstre hjørnestaven i skipet kunne vera felt i 1196. Usikkerheten ligg i at ein ikkje fann restar etter barkekant. Det er framleis ikkje funne restar etter bark, men mykje tyder på at stokken kan ha vore reist omlag år 1200. Det var vanleg å hogge tømmeret i skogen om vinteren og reise byggverket sommaren etter. Slinsing av tømmerstokken for å få hardpiksen til sive ut i overflata kunne ta fleire år, treet stod da på rot.
Vigslingsdatoen 25. oktober kjenner vi gjennom eit diplom frå 1315, der det mellom anna står at "Ryginar kirkja i Heitradali" er ei Mariakyrkje og vigd 25. oktober, årstalet manglar. Vanlegvis vart festdagane feira på laurdag i katolsk tid, ein må søkje etter ein laurdag som fell på denne datoen rundt 1200.
Bygningshistoria for stavkyrkja er meir samansett enn ein tenkjer i første omgang, heilt sikker datering kan ein ikkje rekne med å finne. Ganske sikkert har det stått kyrkje i Heddal tidlegare enn 1200, og at restar etter både den eine og den andre kyrkja er å finne i den som står i dag, det tyder dendroprøvene på.
Ei C-14 prøve er teken av ein av bærestolpane i skipet, og resultatet er oppsiktsvekkande, ei datering til rundt år 900 med usikkerhetsmargin pluss/minus 60 år. Kva for liv denne stokken har levd før den kom til stavkyrkja er umogeleg å vite, men det set fantasien i sving hjå mange som får vite om det.









