Museumsnett.no skriv at ”Stigen er den opprinnelege måten å bevege seg på. Landskapet er eit stort minne – og stigen opnar døra. Dei usynlege menneska frå fortida kryssar stigen…”
Det er ikkje berre menneske frå farne tider som kryssar stigen vår: Gjennom lydspor kan du høyre høgst levande menneske fortelja om historie, natur, kunst og kultur.
Alle forteljingane tek utgangspunkt i det lokale, men fortel også at Heddalsbygda alltid har vore ein del av den store verda.
Lydspora kan du lytte på i mobiltelefon eller laste dei ned til Ipod/Mp3.
Du kan gå stigen i ditt eige tempo og høyre forteljingane i den rekkefylgja du sjølv ynskjer.
God tur på ein stig i tid!









