Liv Strand Hegna
Anne Helene Moen
Katrine Dahl
Anne Marit Ryen
Inger Johanne Wahl Flatland
Almet Maria Feldhusen
Silje Feldhusen
Susannah Julie Flugon
Omvisartenesta tilset kvar sommar 5- 6 guidar som tek imot turistar og informerer om kyrkja si historie. Dei har kunnskapar om lokal historie så vel som kyrkja si historie. Fleire av dei er studentar som kjem heim til sommaren. Engelsk, tysk og norsk er nødvendige språk i formidlinga til turistane, ein kunne gjerne tilbytt fleire språk, turistane kjem frå heile verda.
Dagleg kjem det turistbussar som ønskjer informasjon. Bestilling på førehand er det greiasteomein vil vera sikker på at ein ikkje kolliderer med andre grupper. Dei fleste gjestene er likevel einskiltpersonar som ønskjer å sjå kyrkja. Billettprisen innkluderer inngang og guiding i stavkyrkja, omvisning på bygdetunet og fri inngang i stavkyrkjeutstillinga i Prestegardslåven.
Billettar kan kjøpast i Kafe Olea i Prestegardslåven, på Heddal bygdetun og i Stavkyrkja.









