Opningstider i stavkyrkja:
20. mai – 19. juni, 10-17
20. juni – 20. aug. 09-18
21. aug – 10. sept. 10-17
Søndagar i sommarsesongen frå kl.10.00
Søndagar med gudsteneste er stavkyrkja stengd for omvisning frå kl.10.30 - kl.12.30, eller frå kl.11.30 til kl.13.30.
Sjå gudstenesteliste under Heddal kyrkjekontor.
Kyrkja kan vere stengt laurdagar grunna bryllaup. Ver venleg å ta kontakt på førehand for å unngå kollisjonar.
Prisar:
Heddal Bygdetun har kortare sesong enn stavkyrkja. Bygdetunet har opent frå 15.juni - 15.august, og i desse to månadene er det felles billett for stavkyrkje og bygdetun.
Enkeltbillett stavkyrkja kr 60,- i periodane 20.mai - 14.juni og 16.august - 10.september
Enkeltbillett (områdebillett) stavkyrkja og bygdetunet kr.65,- i perioden 15.juni - 15.august
Gruppebillett stavkyrkja: kr. 50,- pr. pers. (min.10 pers.)
Gruppebillett stavkyrkja og bygdetunet kr.60 (min. 10 pers.) i perioden 15.juni - 15.august
Skule/studentgrupper kr 25,- pr. pers. i periodane 20.mai - 14.juni og 16.august - 10.september. I høgsesongen 15.juni - 15.august berre områdebillett, kr.50,-.
Barn under 16 år saman med føresette går gratis.
For omvisingar utanom sesong må særskild avtale gjerast i god tid på førehand. Ein kan diverre ikkje rekne med å få omvising viss det ikkje er avtala på førehand.
Utanom sesong beregnast ein minstepris på kr.500,- viss det er mindre enn 10 personar som ynskjer omvisning. Frå og med 10 personar er det vanleg gruppepris som er gjeldande.









