Den nye Prestegardslåven inneheld mellom anna ei arbeidskyrkje, kontorlokale og kafeteria til bruk for ei rekkje institusjonar, grupper, lag og foreiningar i bygda.
Bygginga av den tradisjonsrike Prestegardslåven vart påbegynt i 1993 og sto ferdig i 1997. Heile bygda var med og gjorde dette løftet.
Fyrste høgda innehelt Heddal kyrkjekontor med plass til to prestar, diakon, kantor, leiar for omvisartenesta og prosjektleiarar for kulturstigen. Kontorleiar er plassert sentralt i kotorlandskapet, og eit undervisingsrom er knytt til avdelinga. Vidare finn vi Kafé Olea som har ope i sommarsesongen 20. mai – 10. september.
I andre høgda er det innreia ei moderne kyrkje med plass til 400 menneske. I same høgda finn vi ”Det stille rommet”, ei vegkyrkje for meditasjon og ettertanke.
I kjellaretasjen finn vi ei permanent kyrkjeutstilling og ei sommarutstilling med varierande tema, samt toalett og ulike lagerrom. Bygningen er reist på tuftene av den gamle låven i prestegarden, og eksteriøret er tilnærma ein kopi. Byggeskikksprisen vart tildela bygget i 2004.









