Heddal stavkirke - Heddal stavkyrkje Heddal Stave Church Stabkirche in Heddal
Heddal stavkirke - Heddal stavkyrkje
Heddal stavkirke - Heddal stavkyrkje

Heddalsvegen 412
N-3676 Notodden
Tlf: +47 92204435
Epost: post@heddalstavkyrkje.no

 

Prestegardslåven

Prestegardslåven
Prestegardslåven fekk Byggeskikksprisen i 1997. Den er bygd på tuftene av ein eldre låve i sveitserstil. Det var strenge krav til utforming av eksteriøret frå vernestyresmaktene då den nye låven skulle reisast.

Den nye Prestegardslåven inneheld mellom anna ei arbeidskyrkje, kontorlokale og kafeteria til bruk for ei rekkje institusjonar, grupper, lag og foreiningar i bygda.


Bygginga av den tradisjonsrike Prestegardslåven vart påbegynt i 1993 og sto ferdig i 1997. Heile bygda var med og gjorde dette løftet.
Fyrste høgda innehelt Heddal kyrkjekontor med plass til to prestar, diakon, kantor, leiar for omvisartenesta og prosjektleiarar for kulturstigen. Kontorleiar er plassert sentralt i kotorlandskapet, og eit undervisingsrom er knytt til avdelinga. Vidare finn vi Kafé Olea som har ope i sommarsesongen 3. mai – 20. september.


I andre høgda er det innreia ei moderne kyrkje med plass til 400 menneske. I same høgda finn vi ”Det stille rommet”, ei vegkyrkje for meditasjon og ettertanke. 


I kjellaretasjen finn vi ei permanent kyrkjeutstilling og ei sommarutstilling med varierande tema, samt toalett og ulike lagerrom. Bygningen er reist på tuftene av den gamle låven i prestegarden, og eksteriøret er tilnærma ein kopi. Byggeskikksprisen vart tildela bygget i 2004.