Heddal stavkirke - Heddal stavkyrkje Heddal Stave Church Stabkirche in Heddal
Heddal stavkirke - Heddal stavkyrkje
Heddal stavkirke - Heddal stavkyrkje

Heddalsvegen 412
N-3676 Notodden
Tlf: +47 92204435
Epost: post@heddalstavkyrkje.no

 

Segna om Heddal stavkyrkje

Kors på skruv
Takvinklar og tårn
Dragedekor
Segna om Heddal stavkyrkje er ei vandresegn som finst fleire stader i landet vårt, jamvel i fjernare himmelstrøk.

I eldgåmmål tid, i gamle, gamle dågår budde det fem storbøndar i Heddal.
Det va’ Raud Rygi og Kjeik Sem, Stebbe Strånd, Grut Grene og Vrang Stivi. På Rygi va’ det slike høge ljose karar med raudlet hår og skjegg. Derfor hette han Raud. På Sem var det kjeike, kjøne karar og på Strånd var der vel ein stebbe til karmmann som va’der. På Grene var dom nå ikkje nettupp så pratuge; grutte menn, som dom kella det i Heddal. Og på Stivi va’dem vridne og vrestolge, så nemna va som karenn og karenn va’ som éttin på gardenn. Elle va’ fæle kjempur.

Så va’det på den tida at krestendommen bynja å kåmmå te’ dom indre bygdenn i landet. Og dessan storkarenn dem kom isammens, og dem blei forlikt om at dem au ville byggje ei kjørkje.
Og det blei te’at dem kom te’å vølja Raud Rygi te å stå fe’det arbeidet. Og Raud han gjekk og grubla og gronna. Det va’kje så grætt å vøtå håss ein sku’ tåkå dettan. Fe’han hae eller bygd ei kjørkje før, kan du vøtå.
Men som’n gjekk slikt og tenkte, kom det ein fræmmendkar bort te’n og spurde ’n hått det va’n gjekk slik og grubla på.
- Det skil deg ikkje, svårå Raud.
- Jau, men eg veit hått du tenkjer på, eg, sa fræmmendkar'n.
- Ja, når du veit det, håffer spør du da, sa Raud.
Men så fortålde fræmmendkar'n at Raud tenkte å byggje ei kjørkje og det konne han hjølpe’n med, sa’n.
Ja, så blei dem forlikte håsse kjørkja sku’ vørå og hått Raud sku’ gjøra att som betaling fe’ arbeidet.
Det va’ å uppfylle et av tri vilkår: Anten skaffe sol og måne ned frå himmelen, ell finnne ut hått tømmermannen hette. Men grædde’n ikkje det, sku’ fræmmendkaren ha rett te’ å skjørå hjartet otor bringa på Raud.

Raud tosse at å finne ut hått tømemrmannen hette, det konne da ikkje vørå vanskeleg, fær så god tid trudde’n at’n hae. Men fyrste dagen va ’ellt verkje kjørt fram, både stein og tre. Og andre dagen va’ ræssningen uppe, heilt te spiret. Og Raud gjekk tung i hugen bortetter jorda sine. Han visste at’n nok måtte misse livet, fær han va’kje meint på å gå frå ordet sitt. Og som’n gjekk slik, så hørde’n som ein song som kom bortate’ Svintråberget. Han gjekk nærmare og lydde. Da hørde’n at de va’ei mor som song fe’ den vesle ungen sin. Han konne skjølja orda:

"Byssan, byssan båne.
I morgo kjem Finn, far din
Med sol og måne
ell krestenmannshjarte
te moro og leikur fe’ båne."

Da skjønte Raud de. Tømmermannen va’ eitt trøll og budde i berget, og nemnet honnoms va’ Finn.

Så va’ kjørkja ferdig. Ho va’ slik som dom hadde avtala. Det va’ fem dynnar i kjørkja, så hver ta dessan storkarenn sku’ ha si dynn. Ho va’ ræsst a fireoghalvtræss mastetre. Hver av dessan va’ seks-åtte fot ikring. Og det va’ fireogtræss småtak i kjørkja. Og høgste tårnet va’ fire og halvfems fot høgt.
Plankenn i kjørkja va’ ein alen breie og fem-seks tommar tjukke. Døm va’ ræsst upp jamsides med treneglar som va’ to tommar tjukke, som heldt endenn isammens. Det va’kje bruka spiker i kjørkja.

Så sku’ Raud tåkå over kjørkja og dom gjekk ned fe’ å sjå på ho. Da dem kom inn i kjørkja, så gjekk Raud bort te ein stolpe som stod der. Og så sa’n: denan stolpen stend skakt, Finn Far. Då trøllet hørde nemnet sitt, så blei’n så arg. Han drog te stolpen med knyttnøvån, så’n brast. Og trøllet for otor kjørkja og uppp på Himingen. Og derifrå kasta’n tri digre steinar etter kjørkja. Den eine datt nedved Stivi, den andre i Rygireina og den trøå enda uttafe’ porten på kjørgarden. Den ha sea blitt bruka som gapestokk.
Men gudskjelov, han råka ’kje kjørkja, fe’ dom bynja å ringje med kjørkjeklokkun.